Viser innlegg med etiketten PLN. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten PLN. Vis alle innlegg

onsdag 11. desember 2013

Å nytte PLN i kost og ernæring, vg 1 yrkesfag


Eg skal her skissere korleis eg har tenkt å gjennomføre eit undervisningsopplegg som gradvis introduserer eit utvida PLN for elevar på grunnkurs Helse og Oppvekts (HO) i naturfag.  Kvifor dette er det viktig seier Guttorm Hveem godt i eit vidoeintervju : «Læra å ta kontakt med eksterne på ein grei og positiv måte, læra å takke dei for tilbakemelding og hjelp ein får». Med andre ord lære dei å verte gangs menneske også i den digitale verden.
  

Lærestoff:

Klassen bruker NDLA som hovudlæremiddel og er på nokre av områda er den særs knapp  når det gjeld informasjon. NDLA har utarbeida eit sett med ferdige e-forelesingar til dei aktuelle kompetansemåla som presenterer korte PowerPoint-liknande forklaringar med bilde, lyd og animasjon. Det er difor naudsynt med ekstra informasjon og å kunna dokumentere dette. Det er kompetansemål fra forskerspiren og ernæring og helse som blir tatt med


Vurdering:


Skil mellom undervegs vurdering (formativ) og formell vurdering. Undervegs vurderinga er viktig for å halde motivasjonen og sjå individet samtidig som ein kan arbeide med samarbeid.

Undervegs vurdering- vurdering for læring


1. Dei skriv i Google dokument det som dei arbeider med i kvar time: Der dei avsluttar øktene med
    a. I dag har eg lært meir om……
    b.Eg vil finna ut meir om …. ........til neste gang.
       
    Eg som lærar les og kommenterer rettleier direkte i dokumentet.

2. Det vert gitt ein fleirvalstest med spørsmål omkring den faktabasert kunnskapen dei skal ha. Denne er med mange spørsmål og i vilkårleg rekkjefølgje på spørsmåla. Elevane tar den i starten, og undervegs samt på slutten. Målet er at dei ser at dei kan hugse meir fakta undervegs. (dei får berre vita prosent rett, ikkje vita om kvart enkelt svar er rett). Målet er at det skal væra forbetring og at faktakunnskapen skal auka.

3. Dei har ei undersøking til kvar eforelesing i læringsportalen som me nyttar. Her SKAL ALLE skriva om dei forstod eforelesinga (ja eller nei) og så skriv dei kva dei ikkje forstod samt kva dei vil veta meir om. Dette vert gjort skal væra gjort før kvar time (kvelden før) slik at eg tar fatt i spørsmål og utfordringar og refleksjonar dei har når eg har mine forklaringar. Dette er etter prinsippet omvendt undervisning (Lektor Thues Blogg)

4. Korte presentasjonar av timesarbeidet sitt (til dømes "eg veit dette om A-vitamin")

Formell vurdering:
   a. Avsluttande fakta test- her skal dei sjølve plukka ut spørsmål og laga dei.

   b. Avsluttande oppgåve omkring kompetansemålet drøfte spørsmål knyttet til slanking, spiseforstyrrelser og trening, og til hvordan livsstil påvirker helsen


Vurderinga vil samle dermed omfamne alle 6 hierarki i Blooms taksonomi for kunnskapsmål (Bloom 1956). Og gradvis bygge seg opp til det høgste målet for dei som er klar for det. Her er den korrigerte Blooms taksonomi vist.





Val av læringsaktivitet sett frå ulike læringsteoretiske perspektiv

Eg byggjer undervisningsopplegget på 4 mål:


1. Elevane skal kunna orientera seg i jungelen av ulike helseråd som ein møter i media og samtidig lære å vurdere og søkje profesjonell kunnskap via eit PLN. Dei skal verta meir medviten ulike typar læringsstrategiar og metodar, jobba med kvalitetsikring av kunnskap. Når dei om nokre år er ferdig utdanna vil dei få nokre sentrale råd å forhalda seg til via arbeid til dømes på institusjonar, men dei vil heile tida verta utfordra av førsteside oppslag om både den eine og andre vidunder kosthaldråd.

2. Dei får også ei "innlæring" i at aktiv deltaking gjev større læringsutbytte.

3. Å læra å nytta ulike læringsmetodar som systematiserer kunnskap.

4. MAKVIS (motivasjon- aktivitet- konkretisering- variasjon- individalisering- samarbeid) er utgangspunktet for opplegget. Det skal væra eit sett med ulike aktiviteter som støtter opp om ulik læringsstiler som elevane har jamfør Imsen (2005)




Målet for dei ulike aktivitetane er at dei skal kunna nytta ein del strategiar som kan fremje eigen læring og som gjer det enklare for dei å kunna sjå behovet for eksterne kjelder.

Læringsaktivitetane omfattar at elevane skal kunna arbeida med Kratwohl et al (1964) sine 5 holdningsmål:
5 nivå av holdningsmål:
Eksempler på verb som beskriver hvert nivå:
1. Motta (receive)
Lytte, delta, høre, lese, føle, fokusere, spørre.
2. Respondere
Reagere, respondere, søke klargjøring, tolke, klargjøre, finne eksempler, presentere, sitere.
3. Verdsette (value)
Argumentere, utfordre, debattere, konfrontere, rettferdiggjøre, kritisere.
4. Organisering / konseptualisering av verdier (organize/conceptualize values)
Bygge, utvikle, formulere, forsvare, modifisere, relatere, prioritere, sammenligne.
5. Internalisere verdier (internalize / characterize values)
Handle, influere, løse, praktisere.


Gjennomføring

Eg vil prøva å byggjer opp undervisningsopplegget slik at dei i starten lærer ulike måtar å kunna organisere faktakunnskap slik at dei skal kunna ha ei grei oversikt over å ta utgangspunkt i når dei skal skriva drøftingsoppgåvene. For gradvis å stilla større krav til ekstern informasjonshenting og utadretta verksamheit.
For inspirasjon til dette så kjem nyttar eg presentasjonen som Skien kommune har for læringsstrategiar. For lærarar som er i stuss på kva hjelpemiddel ein kan nytta for å læra elevar ulike strategia er denne eit must. I presentasjonen til Dag Sørmo på Slideshare får ein anna vinkling på nytteverdien av ulike læringsstrategiar. 

Eg prøver å leggje til rette for at ein skal nytte ulike situasjonar/medier slik at elevar med ulike læringsstilar får moglegheita til å finne noko som passar spesielt godt for dei jamfør sitatet frå Imsen (2005) «Læringsstiler må ikke forveksles med læringsstrategier. Læringsstrategier sier noe om framgangsmåter for å bedre selve læringsprosessen, mens læringsstiler er et individuelt rettet begrep, et personlighetstrekk, som sier noe om individets personlige læringspreferanser»

I første økt om karbohydrater, fett og proteiner tar eg utgangspunkt i eit VØL-skjema (dette veit eg no- dette ønskjer eg å lære noko om- dette har eg lært).  Skal ein nytta potensialet i eit PLN så er det viktig å være i størst mogleg grad ein aktiv deltakar.  Dette prinsippet nyttar eg gjennom heile undervisningsperioden. Gjer ein det synleg for elevane at dei har noko kunnskap om emnet ( dette veit eg ), for så å utfordre dei på kva dei vil lære, vil ein både motivera og å bygga kunnskap på den eksisterande kunnskapen som elevane innehar. Dette bygger på ein konstruktivistisk læringssyn. For elevar som er usikre på å visa sitt faglege ståstad vil det å skriva kva ein veit vera viktig å øva på for å dra nytteverdien vidare på at ein kan ha ein indre motivasjon til å læra noko nytt. Det første stege i å sjå nytteverdien av eit PLN er å sjå nytte verdien av  deira kommentarar på kva dei vil lære meir om vert tatt på alvor og kommentert av meg. Ser at det å stilla spørsmål gjev handling frå mi side vil det motivera for fleire spørsmål ut til andre. Dette meiner eg er særs viktig at eg som lærar tar alvorleg og eg nyttar difor tid til å notere opp spørsmål og å synleggjera at dette er innkomen spørsmål når timen kjem. Kvar enkelt elev skal då kunna gjenkjenna sitt spørsmål i første timen. Det vil då verkar meir motiverande når dei ser konkret respons og at eg tar sjølv "dumme" spørsmål seriøst. Vøl skjema prinsippet vert vidare ført som avslutning /start på kvar time men delvis stykka opp sjå under uformell vurdering. Samtidig så er VØL-skjemaet ein metode for å introdusera metalæring der elevane lærer å ta kontroll over eiga læring.

Neste steg er samhandling med andre og å kunne finne fakta opplysningar samt å finne kjelder. Dei vert her delt inn i grupper som får ulike vitaminer, mineraler og sporstoffer i oppgåve. Dei skal samle informasjon som skal munna ut i eit felles googledokument som vert "pensum" i dette emnet. Dei får to "sikre" kjelder og med oppmoding å finna andre nettkjelder som avvik i sannheitsgehalten om emnet. Målet her er at når alle bidrar kan ein i fellesskap lage eit kollone system som viser likheiter og ulikheiter mellom dei ulike stoffa. Målet var å visa at når ein deler og presenterer det ein har funne i uformelle presentasjonar i klasserommet, set ein igjen med meir enn kva ein person kan finna ut aleine på same tid. Her støtter eg meg på ein sosiokonstruktivistisk læringsstil.

Det neste steget er å finna personar som har kunnskap om emnet ute på nettet. I fordøyelsen får dei i oppgåve å finna personar som har dette som fagfelt og har laga ein blogg/avisartikkel. Elevane skal så lage eit spørsmål til denne helst poste den. Skulle det vera elevar som vegrar seg så vil det verta mogleg å "posta" dei til meg. Det er forskjell å posta faglege ting og bikin-bildet frå ferien. For mange ungdommar er det meir sårbart å posta faglege ting på nettet enn bilde frå ferien. Dette er noko ein må ta høgde for og vurdere i kvar enkelt elevgruppe. Å bygga tryggheit er særs viktig og i Maslows behovspyramide er det trinn 2. Sjå figur frå NDLA.

Det avsluttande steget er å kunna laga sitt eige vesle PLN som dei tar utgangspunkt i når dei skal skriva/laga den avsluttande oppgåva omkring kompetansemålet: drøfte spørsmål knyttet til slanking, spiseforstyrrelser og trening, og til hvordan livsstil påvirker helsen

Dei skal her ta utgangspunkt i ein til to bloggar/avisartiklar/film/tvprogram/radioprogram/musikkvideo knytt slanking, spiseforstyrrelser eller trening som har ulik meiningsytring/vinklining.

Her lar eg dei velje format sidan me alle har vore eigne foretrukne måtar å lære på (Imsen 2005). Det vert delvis valfri format til presentasjonen av dette produktet. Dei kan lage ein blogg (klassen arbeider med blogg prinsippet i norsken), artikkel, presentasjon med lyd/filminnspeleing (men det må vera innlevert eit skriftleg manus med kjelder). Men alle skal ha ein kort 5 min presentasjon for klassen om sitt tema.
Evaluering av opplegget:
  
Elevane har godkjent opplegget og held no på med gjennomføring. Når det er ferdig gjennomført i månandskifte januar /februar vil elevane som vanleg gjennomføra ei evaluering av undervisningsopplegge. Det som då vert spennande er om dei har blitt tryggare til å delta meir utadretta fagleg sidan eg prøver å gje dei eit steg for steg opptrapping. I forkant av undervisningperioden var at det var ingen i den aktuelle gruppa som kjende seg trygg på å delta ute i det offentlege rom med faglege spørsmål/aktivitet.  

Kjelder og inspirasjon

Bloom (1965)
Kratwohl et al (1964)

Kjelder Lærestoff til kurset- http://www.aitel.hist.no/fag/pln/

Læringstrategiar :

Læringsstilar     
    Imsen (2005) 



søndag 3. november 2013

Å bygge eit PLN (Personleg lærings nettverk)



Tar her for meg korleis ein kan bygge opp eit nettverk når ein begynner med heilt blanke ark. Eg har prøvd å gjera det litt universelt slik at det ikkje berre er for lærarar og andre pedagogiske tilsette.  Lista har 6 som eg vil tilrå å nytta kan ta i anna rekkefølgje er: 


1. Identifisere kva du treng av nettverket. 
Skal det være av privat interesse eller jobbrelatert.
Kva skal du ha digitalt og kva skal du ha personleg  ansikt til ansiktskontakt med?
Kven kjenner du  og kva nettverk er dei med i? Til dømes kan du google dei og sjå kvar dei står oppført og kvar dei deltar.

Sjekk kva som er policy på arbeidsplassen omkring når ein skriv blogg, eller twittrar ? Du vil ofte sjå at dei skil mellom jobb og personleg "synsing"/meiningsytring til dømes på twitter og i bloggar.

2.  Epostadresse: 
Lag ei epost adresse som utgangspunkt for samkjøring når ein registrerer seg i ulike nettverk (og tilhøyrande sett med passord, gjerne meir enn eit)

3. Kva personar er aktive i arbeidsmiljøet?
Identifisere nøkkelpersonar innanfor felta du vil ha eit PLN i.

Til dømes. Søke på leverandørnamn, td er det innanfor elektro du arbeider-> kva aktørar er det i bransjen din (også konkurrentar) , kven leverer varene, kven tilbyr opplæring/etterutdanning, kven skriv om bransjen din i media, søke i media etter bransjeomtale.  Kven styrer set rammer/lover i det offentlege som vedkjem verksemda di?


4. Effektiv tidsbruk og  kva verktøy skal du bruke?
  • Facebook : sjekk om det er opne grupper for ditt interessefelt
  • Twitter : sjekk her lister til personar her kan du få god oversikt over ulike personar som er verdt å følgje.
  • Linkedin Personleg profesjonell identitet. Vis kven du er og kva du jobbar med.

Sjå kva plattform dei som du er mest interessert i nyttar og delta der. Bruk opplæringsvideoar td via Youtube  til å enkelt skaffe deg brukarinstruksjonar  viss du ikkje får til å nytte programmet i første omgang .

5. Finn eit verktøy som gjer at du kan systematiskere informasjon. 
Det lurt å lage ei lagringssytem for lenker og til å ta notatert med . Gjerne notatar som gjer det mogleg å nytte dei overalt.

Når det gjeld tips om ulike program/plattformar/verktøys som ein kan nytta  Top-100-tools-for-learning-2013 av Jane Hart

Til lenkesamling er det program som Delicious, Pearlthrees  i lag med mange andre som ein kan nytte
Til notatar: Dropbox, EvernoteGoogledrive

6. Finn ut kor mykje tid du vil bruke 
Tid er ikkje noko me har uendeleg av velg difor dei programma som er mest effektive for deg.
Å følgje personar td med varsling via epost eller RSS kan du spare eindel tid.

søndag 22. september 2013

PLN- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om og inspirasjonen til å vilja læra meir.



Korleis lærer eg? Då må eg først svara på når meiner eg at eg har lært noko.

 

Å læra er ein livslangprosess slik eg ser det. Eller som ein no kallar det META-læring fordi eg har utvikla eit system med informasjonsinnhenting og bearbeiding som fungerer for meg. Det er mykje som ein skulle ha vist noko om . Mykje som eg har lært har eg gløymt, men berre delvis. Eg veit for det meste kvar eg skal finne det den dagen eg treng det igjen. Eit arkiv system har difor alltid vore viktig for meg. Om enn ikkje alfabetisert så har eg alltid ei formeining om kvar eg finn ting. I dag så er det mykje lettare med dei digitale verktøya (Onenote, delicious, googledoc)som gjer at eg lettare kan bla tilbake til der eg har lagra tips, gode idear, artiklar , filer , osv. Samtidig med at ein kan lagra ting på stikkordsnivå så vert det til at når eg arkiverer nye tips ser eg dei gamle. Når eg har tid til det er der eller trongen for denne informasjonen, samanliknar eg og vurderer det som ligg lagra. Ting som ikkje lenger er aktuelt eller feil fagleg vert sletta medan nye idear vert notert og kanskje resulterter i eit undervisningsopplegg. Antall permar og kassar med kjekt å ha frå tidlegare år har vorte redusert kraftig i heimen. Det som er den største fordelen med den digitale oversikta mi over kjelder til fordjuping er at eg alltid har tilgang til den, og det tar kortare tid å leite gjennom. Er eg heime må eg ikkje venta til eg kjem på skulen og viseversa. Treng eg noko for å kunna laga eit undervisningsopplegg så har eg det her og no så lenge eg har tilgang på nett.

 

Men samtidig som eg lagar "å ha kjennskap til" kunnskap så er det først når eg skal nytta det at eg verkeleg set ting i system og får reflektert. Etter ulike læringsteori så er det forskjell på å ha kjennskap til og å kunna omsetta det til praktisk handling eller forståing. Då treng eg å gå frå stikkord til djupne. Det vera seg å laga gode og konkrete oppgåver til elevane eller å skriva ein refleksjonstekst til denne modulen. Når ein skal laga eit produkt så er det å kunna vera fleire om det ofte greit. Ein ser ting på ulike måter og med å kunna vera fleire i den prosessen så vert ein meir medviten på at me kan oppfatta ting ulikt og vil ha ulike innfallsvinklar til oppgåver. Dette er heilt naturleg sidan me alle har ulike erfaringsbakgrunnar ulike strukturar å setja ting inn i ein samanheng og ulike måtar å tolka ein tekst på.

 

Korleis var det så før eg fekk eit PLN? Eit program på tv inspirerte, det gjer det gjerne endå, men det vert sjeldan tid vilkårleg tv-sjåing. No får eg tips om at det kjem program som eg ikkje bør gå glipp av frå "meiningsfeller". Før kunne ein omtale i eit magasin eller tips på kurs resulterte i ein artikkel eit halvt år etter at den kom ut. I dag ei melding via blogg, twitter og eg har dagsferske forskningsresultat å visa til i timane og elevane får melding om den via fagsidene på facebook eller itslearning. 

 

Så konklusjon korleis lærer eg?

Mitt personleg læringsnettverk- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om  og inspirasjonen til å vilja læra meir.
 
Difor sit eg no og skriv denne bloggen etter å ha lest eit twitteroppslag om dette kurset, samtidig som eg sat å jobba med omvendt undervisning, innføringa av faste leksegrupper, vurdering for læring og spel i skulen. Dermed viste alle vegar til at det var tid for å få litt formell kunnskap om emnet og ikkje berre uformell. 

torsdag 19. september 2013

Mitt personleg læringsnettverk- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om og inspirasjonen til å vilja læra meir



Del 1 Avklaring av mitt personlege læringsnettverk.

Då var det på tide å strukturere "skal berre" aktivitetane. Det vil seia å gjera greie for mitt Personleg læringsnettverk (PLN). Mally Johnsen (2012) deler sitt PLN inn i fem ulike målsettingar: 
 
1. Informasjon og inspirasjon
2. Kommunikasjon og samarbeid
3. Organisering og refleksjon
4. Publisering og deling
5. Produksjon og verktøy

Denne inndeling vil eg seia ganske så treffande for meg også. Til kvar enkelt område har ein då eit sett med ulike verktøy eller noder som ein nytter. Eg vil dela inn dei fem målsettingane etter kva formål eg også har fordi formålet er noko ulike om det gjeld familie og venner, fritidsaktiviteter, skule, fagspesifikt realfag eller fagspesifikt pedagogikk/vurdering/rettleiing. Når det gjeld den personlege delen ser at eg treng skilje privatperson kontra den "offentlege" rolla eg har som lærar. Difor har eg særs lite offentleg deling av det heilt personleg. Eg har alle elvane mine i fagspesifikke grupper på facebook, men er til dømes ikkje venn med dei. Det får komma den dagen me pga fritidsaktivteter, jobb og anna vert venner i det verkelege livet.

 
Informasjon og inspirasjon her er twitter og RSS-fedd og youtoube-varsling sentralt i å plukke opp nye ting og kva folke er opptatt av fortida. I videointervjua som ein finn på PLN prosjektblogg til Horgen er dette felles for mange. Det er viktig å vera merksam på at det tar tid å velje ut kva som er relevant og kva som er "støy" i å følgja. Etter ei tid finn ein dei som ein har mest glede og utbytte av.

 
Kommunikasjon og samarbeid her vil eg skilje mellom rein meldingskommunikasjon og samarbeid om eit produkt. Når det gjeld melding og utveksling av beskjedar så er Læringsplattform viktig i skulesamanheng med meldingssytement der. Mellom lærarar så har eg stor nytte av facebook grupper, men også faggrupper med elever.  Treng ein å kunne snakke raskare saman samtidig som ein støttar seg på tekst er Skype eit nytting kommunikasjonsverktøy. For kjapp her og no diskusjonar med nære kollegar så er chaten på facebook god å ha når emnet tillet det.

 
Organisering og refleksjon. Her er det verktøy som Onenote (ON), googledoc, som er nytta. Og ikkje minst eit verktøy som samlar interessante lenker. Her nyttar eg mest Delicious. Korleis eg nyttar dei skal eg seia litt meir om i blogginnlegget mitt som tar for seg korleis eg lærer best i den digitale verden.

 
Publisering og deling. Dette vert delvis dei same verktøya som med organsiering og refleksjon. Her har eg i løpet av dei siste to åra endra noko, frå før å samskriva med  andre, lage ei fil og legge denne fila ut på itslearning (læringsplattformen (LMS)) så har elevane på vg2 og vg3 fått stadig meir lenker til dokumenta som me samarbeider om via td googledoc. Dei får då ikkje eit endeleg ferdig dokument å forhalda seg til, men eit som er kontinuerleg i endring. Blogging er nytt for meg, men eg har prøvd meg på googlesite for å lage fagside til elevar. På skulen der eg arbeider har me i dei fleste grupper på realfag ON-blokker der me samarbeider og fordeler undervisningstilrettelegginga. Det som er endelege filer vert så fordelt og lagra på td itslearning- faggrupper.

 
Produksjon og verktøy. I tillegg til det som eg alt har nemnd vil eg her også trekkje fram skjermopptaksprogram som gjer det mogleg å forklare tekst og dermed gje ein tekst, ein graf , ei teikning fleire dimensjonar enn ei statisk fil gjer. Då vert det som oftast delt via youtoube. Word, excel, geogebra, powerpoint og ikkje minst pdf-generator, er andre vertøy som vert nytta i meir tradisjonell forstand som vert nytta for laga materiale som skal vidareformidlast via fil eller papir til andre.

 
 

Kjelder:

Johnsen, Mally (2012): Personlig læringsnett PLN, MAS-DIG02 Mappeelement 1, HSH.

fredag 6. september 2013

Skal berre


Kveld i heimen. Førebuinga er over, svart på meldingar, undervegsvurderingane kontrolert  og klokka tikkar..
Den kjem stadig nærmare midnatt. Skal berre sjekke dei siste rørslene på twitter …  her var det noko nytt frå fysikken si verden, kva skriv kollokvium.no idag, nye kronikkar om læring, og Pias verden har nye gullkorn. Tid for å slå av pcen, nesten…..
Treng litt påfyll av mat (har eg chips i skapet!)  Åååå og der kom det eit nytt tips til geogebra. Hmm korleis vert det viss eg brukar det på ….. 

Klokka går… skal berre… skal berre…..

Og no skal eg lære meir om personlege læringsnettverk, personlege læringsmiljø og overføre det til undervisning.  

Dette vert nok ein blogg om mykje "skal berre" ifrå livet som lærar, og anna som opptar meg. Hausten 2013 vil vera prega av oppgåver til nettstudiet i PLN ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Målet for skuleåret er pc-en av i god til før midnatt og druer istaden for chips. Og ja eg kjem til å skriva på nynorsk i blanda litt striledialekt. Men eg er ingen norsklærar. Skulle du få deg ein god latter av skrivefeila er det heilt ok.