Viser innlegg med etiketten twitter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten twitter. Vis alle innlegg

søndag 3. november 2013

Å bygge eit PLN (Personleg lærings nettverk)



Tar her for meg korleis ein kan bygge opp eit nettverk når ein begynner med heilt blanke ark. Eg har prøvd å gjera det litt universelt slik at det ikkje berre er for lærarar og andre pedagogiske tilsette.  Lista har 6 som eg vil tilrå å nytta kan ta i anna rekkefølgje er: 


1. Identifisere kva du treng av nettverket. 
Skal det være av privat interesse eller jobbrelatert.
Kva skal du ha digitalt og kva skal du ha personleg  ansikt til ansiktskontakt med?
Kven kjenner du  og kva nettverk er dei med i? Til dømes kan du google dei og sjå kvar dei står oppført og kvar dei deltar.

Sjekk kva som er policy på arbeidsplassen omkring når ein skriv blogg, eller twittrar ? Du vil ofte sjå at dei skil mellom jobb og personleg "synsing"/meiningsytring til dømes på twitter og i bloggar.

2.  Epostadresse: 
Lag ei epost adresse som utgangspunkt for samkjøring når ein registrerer seg i ulike nettverk (og tilhøyrande sett med passord, gjerne meir enn eit)

3. Kva personar er aktive i arbeidsmiljøet?
Identifisere nøkkelpersonar innanfor felta du vil ha eit PLN i.

Til dømes. Søke på leverandørnamn, td er det innanfor elektro du arbeider-> kva aktørar er det i bransjen din (også konkurrentar) , kven leverer varene, kven tilbyr opplæring/etterutdanning, kven skriv om bransjen din i media, søke i media etter bransjeomtale.  Kven styrer set rammer/lover i det offentlege som vedkjem verksemda di?


4. Effektiv tidsbruk og  kva verktøy skal du bruke?
  • Facebook : sjekk om det er opne grupper for ditt interessefelt
  • Twitter : sjekk her lister til personar her kan du få god oversikt over ulike personar som er verdt å følgje.
  • Linkedin Personleg profesjonell identitet. Vis kven du er og kva du jobbar med.

Sjå kva plattform dei som du er mest interessert i nyttar og delta der. Bruk opplæringsvideoar td via Youtube  til å enkelt skaffe deg brukarinstruksjonar  viss du ikkje får til å nytte programmet i første omgang .

5. Finn eit verktøy som gjer at du kan systematiskere informasjon. 
Det lurt å lage ei lagringssytem for lenker og til å ta notatert med . Gjerne notatar som gjer det mogleg å nytte dei overalt.

Når det gjeld tips om ulike program/plattformar/verktøys som ein kan nytta  Top-100-tools-for-learning-2013 av Jane Hart

Til lenkesamling er det program som Delicious, Pearlthrees  i lag med mange andre som ein kan nytte
Til notatar: Dropbox, EvernoteGoogledrive

6. Finn ut kor mykje tid du vil bruke 
Tid er ikkje noko me har uendeleg av velg difor dei programma som er mest effektive for deg.
Å følgje personar td med varsling via epost eller RSS kan du spare eindel tid.

søndag 22. september 2013

PLN- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om og inspirasjonen til å vilja læra meir.



Korleis lærer eg? Då må eg først svara på når meiner eg at eg har lært noko.

 

Å læra er ein livslangprosess slik eg ser det. Eller som ein no kallar det META-læring fordi eg har utvikla eit system med informasjonsinnhenting og bearbeiding som fungerer for meg. Det er mykje som ein skulle ha vist noko om . Mykje som eg har lært har eg gløymt, men berre delvis. Eg veit for det meste kvar eg skal finne det den dagen eg treng det igjen. Eit arkiv system har difor alltid vore viktig for meg. Om enn ikkje alfabetisert så har eg alltid ei formeining om kvar eg finn ting. I dag så er det mykje lettare med dei digitale verktøya (Onenote, delicious, googledoc)som gjer at eg lettare kan bla tilbake til der eg har lagra tips, gode idear, artiklar , filer , osv. Samtidig med at ein kan lagra ting på stikkordsnivå så vert det til at når eg arkiverer nye tips ser eg dei gamle. Når eg har tid til det er der eller trongen for denne informasjonen, samanliknar eg og vurderer det som ligg lagra. Ting som ikkje lenger er aktuelt eller feil fagleg vert sletta medan nye idear vert notert og kanskje resulterter i eit undervisningsopplegg. Antall permar og kassar med kjekt å ha frå tidlegare år har vorte redusert kraftig i heimen. Det som er den største fordelen med den digitale oversikta mi over kjelder til fordjuping er at eg alltid har tilgang til den, og det tar kortare tid å leite gjennom. Er eg heime må eg ikkje venta til eg kjem på skulen og viseversa. Treng eg noko for å kunna laga eit undervisningsopplegg så har eg det her og no så lenge eg har tilgang på nett.

 

Men samtidig som eg lagar "å ha kjennskap til" kunnskap så er det først når eg skal nytta det at eg verkeleg set ting i system og får reflektert. Etter ulike læringsteori så er det forskjell på å ha kjennskap til og å kunna omsetta det til praktisk handling eller forståing. Då treng eg å gå frå stikkord til djupne. Det vera seg å laga gode og konkrete oppgåver til elevane eller å skriva ein refleksjonstekst til denne modulen. Når ein skal laga eit produkt så er det å kunna vera fleire om det ofte greit. Ein ser ting på ulike måter og med å kunna vera fleire i den prosessen så vert ein meir medviten på at me kan oppfatta ting ulikt og vil ha ulike innfallsvinklar til oppgåver. Dette er heilt naturleg sidan me alle har ulike erfaringsbakgrunnar ulike strukturar å setja ting inn i ein samanheng og ulike måtar å tolka ein tekst på.

 

Korleis var det så før eg fekk eit PLN? Eit program på tv inspirerte, det gjer det gjerne endå, men det vert sjeldan tid vilkårleg tv-sjåing. No får eg tips om at det kjem program som eg ikkje bør gå glipp av frå "meiningsfeller". Før kunne ein omtale i eit magasin eller tips på kurs resulterte i ein artikkel eit halvt år etter at den kom ut. I dag ei melding via blogg, twitter og eg har dagsferske forskningsresultat å visa til i timane og elevane får melding om den via fagsidene på facebook eller itslearning. 

 

Så konklusjon korleis lærer eg?

Mitt personleg læringsnettverk- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om  og inspirasjonen til å vilja læra meir.
 
Difor sit eg no og skriv denne bloggen etter å ha lest eit twitteroppslag om dette kurset, samtidig som eg sat å jobba med omvendt undervisning, innføringa av faste leksegrupper, vurdering for læring og spel i skulen. Dermed viste alle vegar til at det var tid for å få litt formell kunnskap om emnet og ikkje berre uformell. 

torsdag 19. september 2013

Mitt personleg læringsnettverk- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om og inspirasjonen til å vilja læra meir



Del 1 Avklaring av mitt personlege læringsnettverk.

Då var det på tide å strukturere "skal berre" aktivitetane. Det vil seia å gjera greie for mitt Personleg læringsnettverk (PLN). Mally Johnsen (2012) deler sitt PLN inn i fem ulike målsettingar: 
 
1. Informasjon og inspirasjon
2. Kommunikasjon og samarbeid
3. Organisering og refleksjon
4. Publisering og deling
5. Produksjon og verktøy

Denne inndeling vil eg seia ganske så treffande for meg også. Til kvar enkelt område har ein då eit sett med ulike verktøy eller noder som ein nytter. Eg vil dela inn dei fem målsettingane etter kva formål eg også har fordi formålet er noko ulike om det gjeld familie og venner, fritidsaktiviteter, skule, fagspesifikt realfag eller fagspesifikt pedagogikk/vurdering/rettleiing. Når det gjeld den personlege delen ser at eg treng skilje privatperson kontra den "offentlege" rolla eg har som lærar. Difor har eg særs lite offentleg deling av det heilt personleg. Eg har alle elvane mine i fagspesifikke grupper på facebook, men er til dømes ikkje venn med dei. Det får komma den dagen me pga fritidsaktivteter, jobb og anna vert venner i det verkelege livet.

 
Informasjon og inspirasjon her er twitter og RSS-fedd og youtoube-varsling sentralt i å plukke opp nye ting og kva folke er opptatt av fortida. I videointervjua som ein finn på PLN prosjektblogg til Horgen er dette felles for mange. Det er viktig å vera merksam på at det tar tid å velje ut kva som er relevant og kva som er "støy" i å følgja. Etter ei tid finn ein dei som ein har mest glede og utbytte av.

 
Kommunikasjon og samarbeid her vil eg skilje mellom rein meldingskommunikasjon og samarbeid om eit produkt. Når det gjeld melding og utveksling av beskjedar så er Læringsplattform viktig i skulesamanheng med meldingssytement der. Mellom lærarar så har eg stor nytte av facebook grupper, men også faggrupper med elever.  Treng ein å kunne snakke raskare saman samtidig som ein støttar seg på tekst er Skype eit nytting kommunikasjonsverktøy. For kjapp her og no diskusjonar med nære kollegar så er chaten på facebook god å ha når emnet tillet det.

 
Organisering og refleksjon. Her er det verktøy som Onenote (ON), googledoc, som er nytta. Og ikkje minst eit verktøy som samlar interessante lenker. Her nyttar eg mest Delicious. Korleis eg nyttar dei skal eg seia litt meir om i blogginnlegget mitt som tar for seg korleis eg lærer best i den digitale verden.

 
Publisering og deling. Dette vert delvis dei same verktøya som med organsiering og refleksjon. Her har eg i løpet av dei siste to åra endra noko, frå før å samskriva med  andre, lage ei fil og legge denne fila ut på itslearning (læringsplattformen (LMS)) så har elevane på vg2 og vg3 fått stadig meir lenker til dokumenta som me samarbeider om via td googledoc. Dei får då ikkje eit endeleg ferdig dokument å forhalda seg til, men eit som er kontinuerleg i endring. Blogging er nytt for meg, men eg har prøvd meg på googlesite for å lage fagside til elevar. På skulen der eg arbeider har me i dei fleste grupper på realfag ON-blokker der me samarbeider og fordeler undervisningstilrettelegginga. Det som er endelege filer vert så fordelt og lagra på td itslearning- faggrupper.

 
Produksjon og verktøy. I tillegg til det som eg alt har nemnd vil eg her også trekkje fram skjermopptaksprogram som gjer det mogleg å forklare tekst og dermed gje ein tekst, ein graf , ei teikning fleire dimensjonar enn ei statisk fil gjer. Då vert det som oftast delt via youtoube. Word, excel, geogebra, powerpoint og ikkje minst pdf-generator, er andre vertøy som vert nytta i meir tradisjonell forstand som vert nytta for laga materiale som skal vidareformidlast via fil eller papir til andre.

 
 

Kjelder:

Johnsen, Mally (2012): Personlig læringsnett PLN, MAS-DIG02 Mappeelement 1, HSH.