Viser innlegg med etiketten kommunikasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kommunikasjon. Vis alle innlegg

torsdag 19. september 2013

Mitt personleg læringsnettverk- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om og inspirasjonen til å vilja læra meir



Del 1 Avklaring av mitt personlege læringsnettverk.

Då var det på tide å strukturere "skal berre" aktivitetane. Det vil seia å gjera greie for mitt Personleg læringsnettverk (PLN). Mally Johnsen (2012) deler sitt PLN inn i fem ulike målsettingar: 
 
1. Informasjon og inspirasjon
2. Kommunikasjon og samarbeid
3. Organisering og refleksjon
4. Publisering og deling
5. Produksjon og verktøy

Denne inndeling vil eg seia ganske så treffande for meg også. Til kvar enkelt område har ein då eit sett med ulike verktøy eller noder som ein nytter. Eg vil dela inn dei fem målsettingane etter kva formål eg også har fordi formålet er noko ulike om det gjeld familie og venner, fritidsaktiviteter, skule, fagspesifikt realfag eller fagspesifikt pedagogikk/vurdering/rettleiing. Når det gjeld den personlege delen ser at eg treng skilje privatperson kontra den "offentlege" rolla eg har som lærar. Difor har eg særs lite offentleg deling av det heilt personleg. Eg har alle elvane mine i fagspesifikke grupper på facebook, men er til dømes ikkje venn med dei. Det får komma den dagen me pga fritidsaktivteter, jobb og anna vert venner i det verkelege livet.

 
Informasjon og inspirasjon her er twitter og RSS-fedd og youtoube-varsling sentralt i å plukke opp nye ting og kva folke er opptatt av fortida. I videointervjua som ein finn på PLN prosjektblogg til Horgen er dette felles for mange. Det er viktig å vera merksam på at det tar tid å velje ut kva som er relevant og kva som er "støy" i å følgja. Etter ei tid finn ein dei som ein har mest glede og utbytte av.

 
Kommunikasjon og samarbeid her vil eg skilje mellom rein meldingskommunikasjon og samarbeid om eit produkt. Når det gjeld melding og utveksling av beskjedar så er Læringsplattform viktig i skulesamanheng med meldingssytement der. Mellom lærarar så har eg stor nytte av facebook grupper, men også faggrupper med elever.  Treng ein å kunne snakke raskare saman samtidig som ein støttar seg på tekst er Skype eit nytting kommunikasjonsverktøy. For kjapp her og no diskusjonar med nære kollegar så er chaten på facebook god å ha når emnet tillet det.

 
Organisering og refleksjon. Her er det verktøy som Onenote (ON), googledoc, som er nytta. Og ikkje minst eit verktøy som samlar interessante lenker. Her nyttar eg mest Delicious. Korleis eg nyttar dei skal eg seia litt meir om i blogginnlegget mitt som tar for seg korleis eg lærer best i den digitale verden.

 
Publisering og deling. Dette vert delvis dei same verktøya som med organsiering og refleksjon. Her har eg i løpet av dei siste to åra endra noko, frå før å samskriva med  andre, lage ei fil og legge denne fila ut på itslearning (læringsplattformen (LMS)) så har elevane på vg2 og vg3 fått stadig meir lenker til dokumenta som me samarbeider om via td googledoc. Dei får då ikkje eit endeleg ferdig dokument å forhalda seg til, men eit som er kontinuerleg i endring. Blogging er nytt for meg, men eg har prøvd meg på googlesite for å lage fagside til elevar. På skulen der eg arbeider har me i dei fleste grupper på realfag ON-blokker der me samarbeider og fordeler undervisningstilrettelegginga. Det som er endelege filer vert så fordelt og lagra på td itslearning- faggrupper.

 
Produksjon og verktøy. I tillegg til det som eg alt har nemnd vil eg her også trekkje fram skjermopptaksprogram som gjer det mogleg å forklare tekst og dermed gje ein tekst, ein graf , ei teikning fleire dimensjonar enn ei statisk fil gjer. Då vert det som oftast delt via youtoube. Word, excel, geogebra, powerpoint og ikkje minst pdf-generator, er andre vertøy som vert nytta i meir tradisjonell forstand som vert nytta for laga materiale som skal vidareformidlast via fil eller papir til andre.

 
 

Kjelder:

Johnsen, Mally (2012): Personlig læringsnett PLN, MAS-DIG02 Mappeelement 1, HSH.