torsdag 14. november 2013

3 nye verktøy


Som ledd i kurset ved høgskulen i Sør-Trøndelag skal eg ta for meg 3 nye verktøy som eg i liten grad har nytta og løysa 3 problem med ved hjelp av PLN-nettverket.

Verktøy 1: Pearlthrees- ei lenkesamling i tankekart stil

Kvifor Pearlthrees?

Visuelt enkelt å sjå for dei som liker tankekart

Lett å legge til , slette og flytte

Lett å importere- deling
 
Korleis fungerer det?

Gratisversjonen gjev det open deling av linker, dvs at andre ser lenkene dine.

Du registrerer ein profil via www.pearltrees.com

Du lastar ned funksjonen som gjer det muleg å legge rett inn i  via nettlesaren.

Du kan bruke andre sine lenkesamlingar. Til dømes søk på ord og uttrykk.

Du legg til personar som du vil følgje med til dømes same interessefelt

Du kan legge lenkjer til i ei droppsone og så sortere seinare når du har tid.

Du får nyheitsoppdateringar (i søppelposten) når andre legg til lenkjer som du har lagt til. 


 
Korleis kan ein lære?

Får tilgang på andre sine linkar på ei grei og oversiktleg måte.

Dvs at du enkelt kan bygge både informasjon og nettverket ditt.


Nettverksbygging

Offentlig modus gjer at andre ser og du ser deiras perletre- kan kopiere og importere i ditt tre.

 
Samanlikning med Delicius


Samanlikna med Delicius

Pearlthrees

Delicius

Funksjonalitet

Tag (hovudgrein)

Visuelt tankekart

Tagbasert

listefunskjon

Deling

Alt søkbart som er offentlig? Sjekk innstilling

Du kan invitere personar til å lage greiner (emne) i lag

Du invitere personar som kan sjå og dele

Bruk

Nettlesar

Appbasert

Nettlesar
Appbasert

 
 

Verktøy 2: Slideshare

Kvifor slideshare?

Du deler og du får. Her kan du få tips til korleis presentere eit stoff (godt eller dårleg). Lære noko nytt. Og gje tilbake noko til dei andre i ditt nettverk

Korleis fungerer det?

Du kan velje om du vil vera ein passiv  eller ein aktiv deltakar.
Aktiv deltakar:
- Du registrerer ein profil via slideshare.net
- Du legg til dine presentasjonar.
- Du kan bruke andre sine presentasjonar.
- Du legg til personar som du vil følgje med til dømes samme interessefelt.
- Du kan søke på tema og presentasjonar
- Du får nyheitsoppdateringar basert på kven du følgjer

Korleis kan ein lære?

Sidan mange legg ut sine presentasjonar så kan ein lære seg nye ting. Sjå korleis andre vel å presentere.

 
Nettverksbygging

Du kan koble det opp til Lindek In som mange bruker i det private med å vise profilen din og kva du står for.

Du kan dele med andre og du kan samarbeide og kommentere andre sine produkter.

Samanlikning Slideshare og Googledoc presentasjon



Samanlikna med googledoc

Slideshare

Googledoc presentasjon (fildeling)

+

Open deling- lett søkbar  og lett å dele når du er på eksterne plasser.

Du får og gjev ideear impulsar og lærdom

Du bygger opp eit image av kven du er og kva du står for i profilen din.


Lett å dele og samskrive.

Når lukka deling i undervisning, mindre fokus på rettighet til publisering av andre sitt materiale 

-

Open deling

Har du rettigheter til det du legg ut? Viktig å sjekke

Du må dele aktivt, det er ikkje så lett søkbar . 
nettverk

Lett å finne personar med spesiell kompetanse. Ein kan følgje personar som har samme interessefelt  og ein kan sjølv bli følgt. Lett å få utvikla nettverket sitt

Er berre fildeling utan at du gir lenken vidare

 

 

Verktøy 3: Edutopia.com
 
Vertøy som kan nyttast til bruk i PLN aktivitet kan også være nettsider. Eg tok derfor tak i Edutopia.com sidan den tilstadigheit dukka opp når eg søkte på #pln  via twitter.  Denne sidan er ei særs god resurs for lærarar som ser på ulike alterantive undervisningsmetodar enn den tradisjonelle tavleundervisninga.
 
Etter å ha sett kjapt på sida i eit par min, vart vegen kort for å melda meg inn og registrea meg.
 
Når så ein av frontfigurane internasjonalt i mellom anna omvendt undervisning sendte ut denne twittermeldinga 12.nov, vart eg overbevist at det over at ja det er ikkje feil å presentera ei fakta side der ein kan danna nettverk son eit nytt verktøy

 
KviforEdutopia?

Få tilgang til eit nettverk som vil utvida horisonten innanfor undervisning.
Korleis fungerer det?
Du kan være passiv eller aktiv deltakar. Du registrerer deg og får ein utvida tilgang på fleire resurssar  enn den opne webvarianten.

Korleis kan ein lære?

Får tilgang på eit vel av moglegheiter og tankar omkring bruk av digitale hjelpemiddel i undervisning, samt til nye strømningar og trendar. Det vert som ei stor samleside med resursar som tips, blogginnlegg, programomtale med meir.

Nettverksbygging
 
Det er eit stort forum, der eg kan finna dei som arbeider med dei meir smalare felta som opptar meg  innanfor undervisning. Det vil seia at eg kan lettare plukke ut kven eg skal følgje td på twitter, bloggar programutviklarar mm.

 

onsdag 13. november 2013

3 ulike dømer på problem som eg den siste tida har løyst ved hjelp av PLN-nettverket mitt


Problem 1: Korleis finne gode idear til verktøy som skal prøvast ut slik at eg fekk løyst den verktøyoppgåva.
Sendte ut ei twittermelding om tips  og fekk følgjande respons:

 
 
Konklusjon eg gjekk til bloggane  til Eva Bratholm og Guttorm Hveem . Vart overbevist om at slideshare var eit av verktøya eg måtte ta fatt på. Men samla etter desse tilbakemeldingane  vart sittande i 2 dager av haustferienog testa ut ulike verktøy og mange fleire nye program mellom anna til visualisering i fysikkundervisning.

Når ein byrjar på A så vert det B og der dukkar C opp og ein har det gåande. Mange var gode, mange gjennoppdaga eg og mange passa ikkje til mitt bruk. Mange kosta også eindel for å nytta så dei vart det eventuelt ein prøveperiode og så valt vekk. Når det gjeld oversikt over programmer så vil eg anbefala alle å sjekke lenken til  Jane Hart på Slideshare og topp 100.

 
Problem 2: Å kunne nytta prøvemodusen i itslearning
Etter nokon ulike utfordringar ville eg gjerne kunna nytta prøvemodusen til itslearning i undervisninga og ikkje berre til vurdering. Tok tak i eit innlegg som stod på Del og Bruk si Its'learninggruppe:

 
 
Og så skulle ein kanskje tru at det stoppa opp med det. Nei, då vart eg utfordra til å bidra og samtalen fortsette fram til skrivande stund 13. november

 

Dette er eit klassisk døme på korleis ein både gjer og tar i PLN- nettverket sitt.  Samla så vil ein meir utbytte av at ein deler.

 

Problem 3 løyst ved hjelp av PLN-nettverket:

Eg er klar for  å starta EDUserver for bruk av Minecraft i undervisninga og tenkte at eg skulle sjekke om det var nokon som hadde nokre tips til kva eg eg burde passe på. Nytta ei dansk/nordisk Facebook side for spel i undervisninga som eg er medlem av og sendte ut følgjande spørsmål. Fekk kjapt svar og forslag til kva eg burde gjera.

 

 

 

Vel konklusjon av denne kjappe tilbakemelding i løpet av ein time, er at eg på jobben bør gå ned 1 etasje og finna nokre elevar. Det er lett å gå seg vil i det digitale nettverket eller som ordtaket seier: å gå over bekken etter vatn. Det er også viktig at ein ikkje gløymer å snakka med kollegar . For uansett om ein har eit digitalt læringsnettverk så er dei verkelege menneska også der og å sitja ansikt til ansikt å diskutera ulike problemstillingar har sin nytteverdi som me ikkje skal gløyma.

 

søndag 3. november 2013

Å bygge eit PLN (Personleg lærings nettverk)



Tar her for meg korleis ein kan bygge opp eit nettverk når ein begynner med heilt blanke ark. Eg har prøvd å gjera det litt universelt slik at det ikkje berre er for lærarar og andre pedagogiske tilsette.  Lista har 6 som eg vil tilrå å nytta kan ta i anna rekkefølgje er: 


1. Identifisere kva du treng av nettverket. 
Skal det være av privat interesse eller jobbrelatert.
Kva skal du ha digitalt og kva skal du ha personleg  ansikt til ansiktskontakt med?
Kven kjenner du  og kva nettverk er dei med i? Til dømes kan du google dei og sjå kvar dei står oppført og kvar dei deltar.

Sjekk kva som er policy på arbeidsplassen omkring når ein skriv blogg, eller twittrar ? Du vil ofte sjå at dei skil mellom jobb og personleg "synsing"/meiningsytring til dømes på twitter og i bloggar.

2.  Epostadresse: 
Lag ei epost adresse som utgangspunkt for samkjøring når ein registrerer seg i ulike nettverk (og tilhøyrande sett med passord, gjerne meir enn eit)

3. Kva personar er aktive i arbeidsmiljøet?
Identifisere nøkkelpersonar innanfor felta du vil ha eit PLN i.

Til dømes. Søke på leverandørnamn, td er det innanfor elektro du arbeider-> kva aktørar er det i bransjen din (også konkurrentar) , kven leverer varene, kven tilbyr opplæring/etterutdanning, kven skriv om bransjen din i media, søke i media etter bransjeomtale.  Kven styrer set rammer/lover i det offentlege som vedkjem verksemda di?


4. Effektiv tidsbruk og  kva verktøy skal du bruke?
  • Facebook : sjekk om det er opne grupper for ditt interessefelt
  • Twitter : sjekk her lister til personar her kan du få god oversikt over ulike personar som er verdt å følgje.
  • Linkedin Personleg profesjonell identitet. Vis kven du er og kva du jobbar med.

Sjå kva plattform dei som du er mest interessert i nyttar og delta der. Bruk opplæringsvideoar td via Youtube  til å enkelt skaffe deg brukarinstruksjonar  viss du ikkje får til å nytte programmet i første omgang .

5. Finn eit verktøy som gjer at du kan systematiskere informasjon. 
Det lurt å lage ei lagringssytem for lenker og til å ta notatert med . Gjerne notatar som gjer det mogleg å nytte dei overalt.

Når det gjeld tips om ulike program/plattformar/verktøys som ein kan nytta  Top-100-tools-for-learning-2013 av Jane Hart

Til lenkesamling er det program som Delicious, Pearlthrees  i lag med mange andre som ein kan nytte
Til notatar: Dropbox, EvernoteGoogledrive

6. Finn ut kor mykje tid du vil bruke 
Tid er ikkje noko me har uendeleg av velg difor dei programma som er mest effektive for deg.
Å følgje personar td med varsling via epost eller RSS kan du spare eindel tid.