onsdag 13. november 2013

3 ulike dømer på problem som eg den siste tida har løyst ved hjelp av PLN-nettverket mitt


Problem 1: Korleis finne gode idear til verktøy som skal prøvast ut slik at eg fekk løyst den verktøyoppgåva.
Sendte ut ei twittermelding om tips  og fekk følgjande respons:

 
 
Konklusjon eg gjekk til bloggane  til Eva Bratholm og Guttorm Hveem . Vart overbevist om at slideshare var eit av verktøya eg måtte ta fatt på. Men samla etter desse tilbakemeldingane  vart sittande i 2 dager av haustferienog testa ut ulike verktøy og mange fleire nye program mellom anna til visualisering i fysikkundervisning.

Når ein byrjar på A så vert det B og der dukkar C opp og ein har det gåande. Mange var gode, mange gjennoppdaga eg og mange passa ikkje til mitt bruk. Mange kosta også eindel for å nytta så dei vart det eventuelt ein prøveperiode og så valt vekk. Når det gjeld oversikt over programmer så vil eg anbefala alle å sjekke lenken til  Jane Hart på Slideshare og topp 100.

 
Problem 2: Å kunne nytta prøvemodusen i itslearning
Etter nokon ulike utfordringar ville eg gjerne kunna nytta prøvemodusen til itslearning i undervisninga og ikkje berre til vurdering. Tok tak i eit innlegg som stod på Del og Bruk si Its'learninggruppe:

 
 
Og så skulle ein kanskje tru at det stoppa opp med det. Nei, då vart eg utfordra til å bidra og samtalen fortsette fram til skrivande stund 13. november

 

Dette er eit klassisk døme på korleis ein både gjer og tar i PLN- nettverket sitt.  Samla så vil ein meir utbytte av at ein deler.

 

Problem 3 løyst ved hjelp av PLN-nettverket:

Eg er klar for  å starta EDUserver for bruk av Minecraft i undervisninga og tenkte at eg skulle sjekke om det var nokon som hadde nokre tips til kva eg eg burde passe på. Nytta ei dansk/nordisk Facebook side for spel i undervisninga som eg er medlem av og sendte ut følgjande spørsmål. Fekk kjapt svar og forslag til kva eg burde gjera.

 

 

 

Vel konklusjon av denne kjappe tilbakemelding i løpet av ein time, er at eg på jobben bør gå ned 1 etasje og finna nokre elevar. Det er lett å gå seg vil i det digitale nettverket eller som ordtaket seier: å gå over bekken etter vatn. Det er også viktig at ein ikkje gløymer å snakka med kollegar . For uansett om ein har eit digitalt læringsnettverk så er dei verkelege menneska også der og å sitja ansikt til ansikt å diskutera ulike problemstillingar har sin nytteverdi som me ikkje skal gløyma.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar