Kveld i heimen.
Førebuinga er over, svart på meldingar, undervegsvurderingane kontrolert og klokka tikkar..
Den kjem stadig
nærmare midnatt. Skal berre sjekke dei siste rørslene på twitter … her var det noko nytt frå fysikken si verden,
kva skriv kollokvium.no idag, nye kronikkar om læring, og Pias
verden har nye gullkorn. Tid for å slå av pcen, nesten…..
Treng litt
påfyll av mat (har eg chips i skapet!)
Åååå og der kom det eit nytt tips til geogebra. Hmm korleis vert det
viss eg brukar det på …..
Klokka går… skal
berre… skal berre…..
Og no skal eg lære meir om personlege læringsnettverk, personlege læringsmiljø og overføre det til undervisning.
Dette vert nok ein
blogg om mykje "skal berre" ifrå livet som lærar, og anna som opptar meg. Hausten 2013 vil vera
prega av oppgåver til nettstudiet i PLN ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Målet
for skuleåret er pc-en av i god til før midnatt og druer istaden for chips. Og
ja eg kjem til å skriva på nynorsk i blanda litt striledialekt. Men eg er ingen
norsklærar. Skulle du få deg ein god
latter av skrivefeila er det heilt ok.
var jo nesten som å lese en historie på rar norsk:) ehm... gleder meg til å se hva du finner ut ang. PLN.
SvarSlett