søndag 22. september 2013

PLN- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om og inspirasjonen til å vilja læra meir.



Korleis lærer eg? Då må eg først svara på når meiner eg at eg har lært noko.

 

Å læra er ein livslangprosess slik eg ser det. Eller som ein no kallar det META-læring fordi eg har utvikla eit system med informasjonsinnhenting og bearbeiding som fungerer for meg. Det er mykje som ein skulle ha vist noko om . Mykje som eg har lært har eg gløymt, men berre delvis. Eg veit for det meste kvar eg skal finne det den dagen eg treng det igjen. Eit arkiv system har difor alltid vore viktig for meg. Om enn ikkje alfabetisert så har eg alltid ei formeining om kvar eg finn ting. I dag så er det mykje lettare med dei digitale verktøya (Onenote, delicious, googledoc)som gjer at eg lettare kan bla tilbake til der eg har lagra tips, gode idear, artiklar , filer , osv. Samtidig med at ein kan lagra ting på stikkordsnivå så vert det til at når eg arkiverer nye tips ser eg dei gamle. Når eg har tid til det er der eller trongen for denne informasjonen, samanliknar eg og vurderer det som ligg lagra. Ting som ikkje lenger er aktuelt eller feil fagleg vert sletta medan nye idear vert notert og kanskje resulterter i eit undervisningsopplegg. Antall permar og kassar med kjekt å ha frå tidlegare år har vorte redusert kraftig i heimen. Det som er den største fordelen med den digitale oversikta mi over kjelder til fordjuping er at eg alltid har tilgang til den, og det tar kortare tid å leite gjennom. Er eg heime må eg ikkje venta til eg kjem på skulen og viseversa. Treng eg noko for å kunna laga eit undervisningsopplegg så har eg det her og no så lenge eg har tilgang på nett.

 

Men samtidig som eg lagar "å ha kjennskap til" kunnskap så er det først når eg skal nytta det at eg verkeleg set ting i system og får reflektert. Etter ulike læringsteori så er det forskjell på å ha kjennskap til og å kunna omsetta det til praktisk handling eller forståing. Då treng eg å gå frå stikkord til djupne. Det vera seg å laga gode og konkrete oppgåver til elevane eller å skriva ein refleksjonstekst til denne modulen. Når ein skal laga eit produkt så er det å kunna vera fleire om det ofte greit. Ein ser ting på ulike måter og med å kunna vera fleire i den prosessen så vert ein meir medviten på at me kan oppfatta ting ulikt og vil ha ulike innfallsvinklar til oppgåver. Dette er heilt naturleg sidan me alle har ulike erfaringsbakgrunnar ulike strukturar å setja ting inn i ein samanheng og ulike måtar å tolka ein tekst på.

 

Korleis var det så før eg fekk eit PLN? Eit program på tv inspirerte, det gjer det gjerne endå, men det vert sjeldan tid vilkårleg tv-sjåing. No får eg tips om at det kjem program som eg ikkje bør gå glipp av frå "meiningsfeller". Før kunne ein omtale i eit magasin eller tips på kurs resulterte i ein artikkel eit halvt år etter at den kom ut. I dag ei melding via blogg, twitter og eg har dagsferske forskningsresultat å visa til i timane og elevane får melding om den via fagsidene på facebook eller itslearning. 

 

Så konklusjon korleis lærer eg?

Mitt personleg læringsnettverk- døropnaren til det eg ikkje viste eg trong å vita noko om  og inspirasjonen til å vilja læra meir.
 
Difor sit eg no og skriv denne bloggen etter å ha lest eit twitteroppslag om dette kurset, samtidig som eg sat å jobba med omvendt undervisning, innføringa av faste leksegrupper, vurdering for læring og spel i skulen. Dermed viste alle vegar til at det var tid for å få litt formell kunnskap om emnet og ikkje berre uformell. 

4 kommentarer:

  1. Hei
    Ser på siste avsnittet at du også er flink til multitasking. Har du tenkt på hvilken læringsstil du har? Eller hvilken av Gardeners typer av intelligens som står sterkest hos deg selv?

    Det synes som om du er ganske bevisst dine læringsstrategier. Enig i at tilgjengeligheten er en av den digitale hverdags mest positive sider. Kjenner meg igjen i mye av det du skriver. Har selv vært innom twitter og andre fora mens jeg skriver. Jeg selv strever litt med å nøye meg med noen få lagringsplasser/arkiv, slik at jeg noen ganger må lete litt rundt før jeg finner igjen sider/linker/notater. Men tenker at jeg skal bli mye mer bevisst, spesielt på dette, gjennom studiet.

    Lykke til videre i studiet:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk fortilbakemelding.
      Når det gjeld læringstilar så er eg nok litt av det meste, har ikkje ei utprega side. Eg har difor gjerne klart meg bra når det har vorte presntert for ulike læringstrategiar i skulen. Men skal eg td skrive eit tekstprodukt som td refleksjonsnotatet vårt. Må det gjennom nokre stikkord- utkast - forsøk før eg leverer det frå meg.

      Vil anbefala at du undersøker lagringsdelen, for meg så vart det viktig å finna den digitale varianten som fungerer best mogleg... Elles vart det berre mykje som ikkje var å finna igjen når eg trong det.

      Slett
  2. Her får eg lyst til å kommentera begrepet "multitasking". For nokre år sidan huskar eg at me av og til snakka om ungdommane som var så flinke til dette:-) Etter kvart er det vel meir og meir som tydar på at dette er ein arbeidsmetode som bør avlærast. Eg meiner å ha høyrt at det kan ta opp til 20-25 minutt å koma "tilbake" til djup konsentrasjon dersom ein vert forstyrra i den tilstanden. Eg trur mange av oss opplever at arbeidsdagen ofte ikkje gjev rom for lengre strekk med konsentrasjon om ei oppgåve. Her er eit par lenker som er inne på noko av det eg snakkar om her:

    http://morgenbladet.no/ideer/2012/hvor_var_jeg#.UkfvFBacSEA
    http://www.thindifference.com/2013/09/25/wanna-work-smarter-cool-multitasking/

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tilbakemelding
      Kan vera enig med multitasking. Eg er nok medviten på når eg gjer kvar. Så når arbeidet eg må gjera om kvelden er ferdig, då tar eg fram og oppdaterar impulsar frå mitt PLN. Å få pling får kvar twitter oppdatering, facebook, eller mail som kjem ville ha ført til at eg ikkje fekk gjort noko ja. Så vonar det no er tydlegare at eg ikkje gjer alt dette på eingang.... Difor så tar eg gjerne bort PC til elevane når eg meiner det vil forstyrra læreprosessen dei skal ha.

      Slett